Brevandring på Tystigbreen på Strynefjellet, nær Stryn Sommerskisenter

Du vil vere omringa av natur som kan ta pusten frå deg. I kvar einaste retning vil det vere noko spektakulært å sjå, som fjellet Lodalskåpa (2083 moh), Oppstrynsvatnet i Strynedalen og platået på den store Jostedalsbreen – den største isbreen i Europa.

  • Sesong: Juli – August
  • Dagar: Måndag, Tysdag, Onsdag, Torsdag, Fredag
  • Minimum alder: 12 år
  • Varigheit: ca. 5-6 timar
  • Pris: NOK 970 pr. person, inkl. utstyr og transport med skiheisen
  • 15% grupperabatt: NOK 825 pr. person (minimum 4 pers.)
  • Vansklegheitsgrad: Medium
  • Møtepunkt: Parkeringsplassen ved Stryn Sommerskisenter kl. 09:30 - Google maps location

Frammøte på parkeringsplassen ved Stryn Sommerskisenter kl. 09:30. Vi gjer oss klare for turen og har avreise til stolheisen frå parkeringsplassen kl. 10:00. Heisen tek oss med opp til ein fantastisk natur, der kvart minutt kan ta pusten frå deg.

Ver merksame på at det fortsatt kan vere snø der oppe, sjølv midt på sommaren. Vi kan gå på isbree eller på snø. Det er naturen som avgjer dette, ikkje vi. 

Gåturen opp til isbreplatået tek ca. 45 min og ca. 250 høgdemeter på ein litt utfordrande sti, so du bør helst vere vand til å gå på denne turen.

Når vi kjem opp til breen, tek vi på oss stegjern/truger, seletøy, isøks/ stavar og tau. Sjølve gåturen på breen tek ca. 2–3 timar. Vi utforskar isen på ein sikker måte. Tilstanden til isen kan vere blåis eller is med snø på overflata (dette kjem an på mengda av snø vi har hatt om vinteren). Guiden delar sin kunnskap med deg.

Høgdepunktet på turen er lunsjen, som vi har ved isbreen. Få personar kan seie at dei har ete lunsj på ein isbre med utsikt som kan ta pusten frå deg. I kvar retning er det noko spetakulært å sjå, som fjellet Lodalskåpa (2083 m), Oppstrynsvatnet (28 moh) og platået til Jostedalsbreen ( den største breen i Europa) og isbre 1650 moh.

Turen tilbake til heisen tek ca. 45 min, og vi vil vere på parkeringsplassen ca. kl. 16:00.

Vi anbefalar at du tek med deg:

  • Matpakke lunsj (lunsjtid ca 30 min. ved breen)
  • Snacks (sjokolade, nøtter etc. er alltid lurt å ha i lomma)
  • Drikke, kamera, klede iht vèret
  • Vatn og vindtette klede er alltid godt å ha i den norske fjellheimen
  • Fjellsko (vi har til utleige)
  • Hanskar (vi har hanskar til leige om du har gløymt)

Minimum 5 personar.

Vi aksepterar bestilling for mindre enn 5 personar, og vil sende deg ei stadfesting på mail når vi har fått meir enn 5 bestillingar for kvar dag.

Du må bestille på førehand slik at de er sikra plass på turen.

Vi fokuserar på ein stressfri dag i den fantastisk flotte naturen.

Booking:

E-mail: booking@briksdaladventure.com

Telefon: +47 918 44 474 / +47 57 11 80 70

BOOK NÅBOOK NOW